Ezekiel 40:5
Og sjå, det var ein mur utanum huset rundt ikring. Og mannen heldt mælestongi i handi, ho var seks alner lang, kvar aln ei handbreidd lenger enn ei vanleg aln. Og han mælte breiddi på muren: ei stong, og høgdi: ei stong.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 125:2Jerusalem - fjell er kringum det, og Herren er ikring sitt folk frå no og i all æva.
Isaiah 60:18Ikkje meir skal ein høyra um vald i ditt land, avøyding og snøyding innum grensorne dine. Du skal kalla frelsa murarne dine, og lovsong portarne dine.
Ezekiel 42:20På dei fire sidorne mælte han det. Det hadde ein mur rundt ikring: fem hundrad stenger lang og fem hundrad breid, til å skilja det heilage frå det som var uhelga.
Zechariah 2:5Og eg lyfte upp augo mine og fekk sjå ein mann med ei mælesnor i handi.