Ezekiel 43:8
dei som sette dørstokken sin attmed dørstokk min og dørskierne sine attmed dørskierne mine, so det berre var veggen millom meg og deim. Og på den måten gjorde dei mitt heilage namn ureint med styggedomen sin som dei for med, so eg laut tyna deim i min vreide.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 16:14Men koparaltaret som stod framfor Herrens åsyn, flutte han frå staden sin framfyre huset, millom Herrens hus og det nye altaret, og sette det på nordsida av dette altaret.
2 Kings 23:11Han fekk burt dei hestarne som Juda-kongarne hadde sett upp til æra for soli ved inngangen til Herrens hus, ved kammerset til hirdmannen Netan-Melek i Parvarim; og solvognerne brende han upp.
2 Chronicles 33:7Og avgudsbilætet som han hadde gjort, sette han upp i Guds hus, som Gud hadde sagt um til David og Salomo, son hans: «Til dette huset og til Jerusalem, som eg hev valt ut millom alle Israels ætter, vil eg festa namnet mitt i all æva.
Ezekiel 5:12Tridjeparten av deg skal døy av sott og verta tynt av svolt midt i deg, og tridjeparten skal falla for sverd rundt kringum deg, og tridjeparten vil eg spreida for alle vindar, og sverd vil eg draga ut etter deim.
Ezekiel 8:3Og han rette ut eitkvart som liktest på ei hand, og tok meg i ein lokk av hovudhåret, og åndi lyfte meg upp millom jord og himmel og førde meg til Jerusalem i syner frå Gud, dit der ein gjeng inn til den indre fyregarden gjenom den porten som snur mot nord, der som harmings-bilætet stod, det som valda harm.
Ezekiel 23:39Når dei hadde slagta borni sine åt sine ufysne avgudar, so kom dei inn i min heilagdom, den same dagen, og vanhelga honom; og sjå, soleis for dei åt midt i mitt hus!