Ezekiel 44:12
Etter di dei tente deim framfor dei ufysne avgudarne deira og var støytestein til misgjerning for Israels-lyden, difor hev eg lyft mi hand imot deim, segjer Herren, Herren, og dei skal bera si misgjerning.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 32:40Sjå, eg lyfter handi mot himmelen: So visst eg hev ævelegt liv:
2 Kings 16:10Kong Ahaz for til Damaskus til møtes med assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå altaret i Damaskus, sende kong Ahaz bilæte av altaret og eit fullkome mynster av det til presten Uria.
Isaiah 9:16For dei som fører folket, fører vilt, og dei som let seg leida, gjeng til grunnar.
Ezekiel 20:6den dagen rette eg upp handi på det, at eg vilde føra deim ut or Egyptarlandet og til eit land som eg hadde set ut åt deim, som fløymer med mjølk og honning; det er det fagraste av alle land.
Ezekiel 20:23So rette eg og upp handi i øydemarki på det, at eg vilde spreida deim millom heidningfolki og strå deim i landi,
Ezekiel 44:10Men dei levitarne som gjekk burt ifrå meg, då Israel for vilt, og villa seg burt ifrå meg etter dei ufysne avgudarne sine, skal bera si misgjerning,