Ezekiel 45:15
og av småfeet eitt lamb av tvo hundrad frå det vatsrike beitelandet i Israel til grjonoffer og til brennoffer og takkoffer, til å gjera soning for deim, segjer Herren, Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16All landslyden skal vera skuldig til denne reida åt fyrsten i Israel.
Cross References
Leviticus 1:4og han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret; då skal gåva hans tekkjast Herren, so han fær nåde.
Proverbs 3:9Æra Herren med eiga di og med fyrstegrøda av all di avling.
Malachi 1:8Um de kjem med eit blindt dyr til offer, so er ikkje det noko gale, og kjem de med eit halt og eit sjukt, so er det ikkje noko gale.» Kom med sovorne gåvor til jarlen din! Skal tru han vert blid på deg eller tek vel imot deg? segjer Herren, allhers drott.
Romans 5:10For so sant me vart forlikte med Gud ved hans sons daude då me var fiendar, so skal me so mykje heller verta frelste ved hans liv no då me er forlikte.
Ephesians 2:16og forlika deim båe tvo i ein likam med Gud ved krossen, då han på denne slo fiendskapen i hel.
Hebrews 2:17Difor laut han verta brørne sine lik i alle ting, so han kunde verta ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud til å gjera soning for synderne åt folket.