Ezekiel 47:13
So segjer Herren, Herren: Dette er landskilet, og innan det skal de taka dykk landet til odel etter Israels tolv ætter. Åt Josef skal det vera tvo luter.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 49:26Far din’s velsigning rakk yver dei eld’-gamle ovgilde fjelli, til ævordoms herlege høgder: På Josefs hovud ho kome, ho kome på kruna åt han, som er hovdingen for sine brøder!
Numbers 34:2«Seg til Israels-sønerne: «Når de kjem inn i Kana’ans-landet - det er det landet de skal hava og eiga, heile Kana’ans-landet so vidt som det er -
Joshua 16:4Dette var det landet som Josefs-borni, Manasse og Efraim, fekk til odel og eiga.
1 Chronicles 5:1Og sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel - for han var den eldste; men med di han vanhelga lega åt far sin, vart odelsretten hans gjeven til sønerne hans Josef, son åt Israel, men då ikkje soleis at han skulde skrivast upp i ættelista som den eldste.
Jeremiah 31:1I den tidi, segjer Herren, skal eg vera Gud for alle ættgreinerne i Israel, og dei skal vera mitt folk.
Ezekiel 48:4Frammed Naftali-skilet, frå austsida til vestsida: Manasse, ein lut.