Ezekiel 47:22
Og soleis skal det vera: De skal skifta det ut til odel åt dykk sjølve og dei framande som bur hjå dykk og hev fenge born ibland dykk. Og dei skal vera for dykk som dei som er fødde og borne i sjølve Israel; odelsjord skal dei hava med dykk ibland ætterne i Israel.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
21Og de skal byta landet millom dykk etter Israels ætter.
Cross References
Numbers 26:55Landet skal skiftast på den måten at dei dreg strå um bygderne, og alle som hev same ættarnamnet, skal få sin eigedom i same bygdelaget.
Isaiah 56:6Og dei framandfødde som held seg til Herren og vil tena honom og elska Herrens namn, og vil vera hans tenarar, kvar som held kviledagen utan vanhelging, og held fast på mi pakt,
Ezekiel 45:1Og når de lutar ut landet til odel, so skal de gjeva ei gåva åt Herren, ein heilag-lut av landet, fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi. Det skal vera heilagt i all si vidd rundt ikring.
Ezekiel 48:29Dette er det landet som de skal skifta ut av odelen åt ætterne i Israel, og dette er luterne deira, segjer Herren, Herren.»
Acts 11:18Men då dei høyrde dette, gav dei seg til ro og lova Gud og sagde: «So hev då Gud ogso gjeve heidningarne umvendingi til livet!»
Romans 10:12For det er inkje skil på jøde og grækar; alle hev dei same Herre, som er rik nok for alle som kallar på honom.