Ezekiel 5:16
når eg sender ibland deim dei vonde hunger-pilerne som er etla til tynarverk, deim eg sender til å tyna dykk med, når eg let svolten herja dykk og bryt sund brødstaven for dykk.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 26:26Eg skal minka soleis på maten, som var dykkar styrk og studnad, at tie konor skal steikja brødet åt dykk i ein omn; dei skal gjeva det att etter vegt, og de skal’kje få eta dykk mette.
2 Kings 6:25Medan dei kringsette byen, vart det so stor hunger i Samaria, at eit asenhovud kosta til sist åtteti sylvdalar, og fjordeparten av ei kanna med duvemøk fem sylvdalar.
Psalms 91:5Du skal ikkje ræddast for skræmsl um natti, for pil som flyg um dagen,
Lamentations 3:12Han spente sin boge og sette meg til skotmål for si pil.
Ezekiel 14:13Menneskjeson! Når eit land syndar mot meg og fer med svik, og eg retter ut mi hand imot det og bryt sund brødstaven for det og sender svolt i det og ryd ut or det folk og fe,