Ezekiel 7:11
Valdsgiren reiser seg til eit ris yver gudløysa. Ikkje noko av deim, inkje av deira ståkande hop, inkje av deira bråk, inkje av deira herlegdom vert att hjå deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
10Sjå, dagen! sjå, det kjem! Lagnadsstundi tek til; riset blømer, ovmodet grønkar.
Cross References
Isaiah 5:7For vinhagen åt Herren, allhers drott, er Israels hus, og Juda-folket er hans kjæraste plantning; men når han venta lov, fann han rov, og når han venta rettferd, fann han uferd.
Isaiah 14:29Gled deg ikkje, alt Filistarland, for di staven som slo deg er sundbroten! for or roti åt hoggormen skal det koma fram ein basilisk, og hans frukt skal verta ein fljugande eiterorm.
Jeremiah 6:7Likeins som brunnen let vatn vella fram, soleis let han sin vondskap vella fram. Valdsverk og tjon høyrest der, sår og slag er stødt framfor mi åsyn.
Jeremiah 16:5For so segjer Herren: Du skal ikkje koma i gravøl og ikkje ganga og barma deg med deim og ikkje ynkast yver deim. For eg hev teke freden min burt frå dette folket, segjer Herren, min nåde og mi miskunn.
Jeremiah 25:33Og dei som Herren hev slege den dagen, skal liggja daude frå eine enden av jordi til hin; ingen skal gråta yver deim eller samla deim i hop og jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta.
Ezekiel 5:11Difor, so sant som eg liver, segjer Herren, Herren, sanneleg, etter di du hev sulka min heilagdom med all din styggjedom og alle dine styggjor, so vil eg og snu meg frå, og mitt auga skal ikkje ynkast, og ikkje eg heller vil spara deg.