Ezekiel 8:16
Og han let meg koma i den indre fyregarden til Herrens hus. Og sjå, attmed inngangen til Herrens tempel, millom forhalli og altaret, var det ikring fem og tjuge menner; dei snudde ryggen til Herrens tempel og andliti i aust, og dei lutte seg austetter og bad til soli.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Og han sagde med meg: «Hev du set, menneskjeson? Du skal enn få sjå styggjor, større enn desse.»
Cross References
Deuteronomy 17:3og, tvert imot det eg hev sagt, gjeng av og tener andre gudar, og bøygjer kne for deim, eller for soli eller månen eller heile himmelheren,
2 Kings 16:14Men koparaltaret som stod framfor Herrens åsyn, flutte han frå staden sin framfyre huset, millom Herrens hus og det nye altaret, og sette det på nordsida av dette altaret.
2 Kings 23:5Avgudsprestarne som Juda-kongarne hadde sett inn, fekk avskil, dei som hadde brent røykjelse på haugarne i Juda-byarne og ikring Jerusalem, og dei som hadde brent røykjelse for Ba’al, for soli og månen og stjernorne i dyreringen og for heile himmelheren.
2 Chronicles 7:7Og Salomo vigde den midtre luten av tunet framfyre Herrens hus, for di han laut ofra brennoffer og feittstykki av takkofferi der; for koparaltaret som Salomo hadde gjort, kunde ikkje røma brennofferi, grjonofferi og feittstykki.
Job 31:26såg eg på ljoset når det stråla, på månen der han skreid i glans,
Jeremiah 2:27dei som segjer til treet: «Du er min far,» og til steinen: «Du hev født meg;» for dei hev snutt ryggen til meg og ikkje andlitet. Men når dei er i naud, då ropar dei: «Ris upp og hjelp oss!»