Ezra 10:1
Ezra låg på marki framfyre gudshuset og gret og bad og sanna synderne. Då samla det seg kring honom ein ovstor skare av Israels folk, karar og kvinnor og born, og folket gret sårt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 26:40Då skal dei stå til sine brot og broti åt sine feder, at dei fall ifrå meg, og sveik meg, og gjorde meg tvert imot,
Joshua 7:6Og Josva reiv sund klædi sine og låg på kne framfor Herrens kista alt til kvelds, både han og styresmennerne i Israel, og dei strådde mold på hovudi sine.
Judges 2:4Soleis tala Herrens engel til alle Israels-sønerne. Då gret folket høgt;
1 Kings 9:3Og Herren sagde til honom: «Eg hev høyrt bøni di og di audmjuke påkalling som du hev sendt upp til meg; huset du hev bygt, hev eg helga til å bera namnet mitt i all æva, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alle dagar.
2 Chronicles 20:13Og heile Juda stod framfor Herrens åsyn, ja, småborni og konorne og sønerne deira var med.
Nehemiah 10:28Og folket elles, prestarne, levitarne, portvaktarane, songarane, tempelsveinarne og alle som hev skilt seg frå dei framande folki og vendt seg til Guds lov, like eins konorne deira, sønerne og døtterne deira, alle som kann skyna det -