Ezra 10:18
Millom prestesønerne fann dei desse som hadde teke framande kvende til konor: Av sønerne åt Jesua Josadaksson og brørne hans: Ma’aseja, Eliezer, Jarib og Gedalja;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 21:7Ingen av deim må gifta seg med ei skjøkja eller ei kvinna som er utskjemd, heller ikkje med ei som er skild frå mannen sin; heilag skal presten vera for sin Gud,
1 Samuel 2:22Eli var svært gamall. Han høyrde gjete alt det sønerne hans gjorde mot heile Israel, og at dei låg med dei kvinnorne som gjorde tenesta ved inngangen til møtetjeldet.
Ezra 2:2Dei fylgde Zerubbabel og Jesua, Nehemia og Seraja, Re’elaja og Mordekai, Bilsan og Mispar, Bigvai og Rehum og Ba’ana. - Dette er manntalet yver Israels-lyden:
Ezra 3:2Og Jesua Josadaksson og prestarne, brørne hans, og Zerubbabel Sealtielsson og hans brør tok til å byggja altaret åt Israels Gud, so dei kunde få ofra brennoffer på det, soleis som det er fyreskrive i lovi åt gudsmannen Moses.
Ezra 5:2Då gjorde Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson seg reiduge og tok atter til å byggja på Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar studde uppunder og hjelpte deim.
Nehemiah 8:4Ezras, den skriftlærde, stod på ein tram av tre som dei hadde laga til det. Jamsides med honom stod Mattitja, Sema, Anaja, Uria, Hilkia og Ma’aseja på høgre sida, og på vinstre sida Pedaja, Misael, Malkia, Hasum, Hasbaddana, Zakarja og Mesullam.