Ezra 10:8
Var det nokon som ikkje kom innan tridje dagen etter, soleis som hovdingarne og styringsmennerne hadde sett, so skulde all hans eigedom verta bannstøytt, og han sjølv verta jaga ut or samlingi av deim som var komne heim or utlægdi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 6:19Men alt sylvet og gullet og alle ting som er av kopar eller jarn, skal helgast til Herren og koma i Herrens skattkammer.»
1 Samuel 11:7og han tok tvo uksar, lema deim sund og sende stykki rundt i heile Israelsriket med sendebod som sagde: «Den som ikkje fylgjer Saul og Samuel, hans uksar skal fara soleis.» Ei rædsla frå Herren fall på heile folket. Og ut drog dei, alle som ein.
Nehemiah 13:3Då dei høyrde lovi, skilde dei ut frå Israel allslag framandfolk.
Matthew 18:17Høyrer han ikkje på deim, so seg det til kyrkjelyden! Og høyrer han ikkje på kyrkjelyden heller, då skal han vera som ein heidning og tollmann for deg.
John 9:34Då ropa dei imot honom: «I synder er du fødd og boren, og du vil læra oss!» og kasta honom ut.
1 Corinthians 5:13men Gud skal døma deim som er utanfor. So støyt då ut den vonde frå dykk sjølve!