Ezra 2:68
Då dei kom fram til Herrens hus i Jerusalem, gav nokre av ættarhovdingarne godviljugt ei gåva til gudshuset, so det kunde verta uppbygt att på den gamle staden.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
67fire hundrad og fem og tretti kamelar og seks tusund sju hundrad og tjuge asen.
Cross References
Exodus 35:5«Tak ut ei reide til Herren av det som de eig! Alle som hev hjartelag til å gjeva noko, lyt koma med det, med reida til Herren: gull og sylv og kopar
Exodus 35:29Kvar mann og kona av Israels-folket som hjarta dreiv til å hjelpa til med det store verket som Herren hadde sett Moses til å gjera, dei kom viljugt med ei gåva til Herren.
Numbers 7:3og førde offergåvorne sine fram for Herrens åsyn; det var seks husvogner og tolv uksar, ei vogn frå tvo og tvo av hovdingarne og ein ukse frå kvar av deim. Det kom dei til gudshuset med,
1 Chronicles 22:1Og David sagde: «Her skal huset åt Herren Gud standa, og her skal altaret for Israels brennoffer vera.»
2 Chronicles 3:1So tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moriafjellet der Herren hadde openberra seg for David, far hans, på den staden som David hadde laga til på treskjaarvollen åt jebusiten Ornan.
Ezra 9:9For trælar det er me; men endå hev Gud ikkje slept oss i trældomen, men hev late oss finna nåde for augo åt persarkongarne, so dei gav oss ein livskveik til å reisa upp att gudshuset vårt og byggja det upp frå røysi; dermed kunde me få ein innhegna bustad i Juda og Jerusalem.