Ezra 4:12
Det skal kongen vita at dei jødarne som for ifrå deg og hit til oss, er no komne til Jerusalem, og der held dei på å byggja upp denne vonde uprørsbyen og setja murarne i stand og stella på grunnvollarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 24:1I hans tid drog Babel-kongen Nebukadnessar upp, og Jojakim vart lydkongen hans. Men tri år etter fall han ifrå honom att.
Ezra 4:15so det kann verta etterset i sogeboki åt federne dine; der vil du sjå og læra at denne byen hev vore ein upprørsby frå gamalt, til stort mein for kongar og land, og at der hev vore skapt mykje uro; difor er og byen lagd i øyde.
Ezra 5:3Då kom Tatnai, som var jarl på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne deira og dei sagde: «Kven er det som hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?»
Nehemiah 1:3Dei svara meg: «Dei av fangarne som hev sloppe heim att og er der i jarleriket, dei lid ulukkeleg skam og skade. Muren kring Jerusalem ligg nedbroten, og portarne er uppbrende.»
Psalms 48:1Ein song, ein salme; av Korahs born.
Jeremiah 52:3Det var for Herrens harm skuld det gjekk so med Jerusalem og Juda, til dess han støytte deim burt frå si åsyn. Sidkia fall ifrå Babel-kongen.