Ezra 4:24
Då vart det stans med byggjingi på Guds hus i Jerusalem. Det vart ingenting gjort med dette fyrr Darius hadde vorte konge i Persia, det andre året han styrde.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 3:8I andre månaden i Året etter dei var komne heim til Guds hus i Jerusalem, tok dei til med verket. Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson og dei andre prestarne og levitarne, brørne deira, og elles alle dei som var komne til Jerusalem frå utlægdi, sette levitar som var tjuge år gamle og deryver, til å hava tilsyn med arbeidet på Guds hus.
Ezra 5:5Men yver styresmennerne åt jødarne vakte auga åt deira Gud, og mennerne lova at dei ikkje skulde leggja noko vondt i vegen for strævet deira, so lenge Darius hadde set på saki og det var kome brev frå honom.
Ezra 6:15So vart då huset fullt ferdigt til tridje dagen i månaden adar i det sette styringsåret åt kong Dairus.
Nehemiah 6:9Dei tekte alle dei skulde skræma oss, so henderne våre skulde valna og arbeidet verta ugjort. Men styrk du henderne mine!
Daniel 11:2Og no skal eg kunngjera deg det som visst er. Sjå, endå skal tri kongar standa fram i Persia, og den fjorde skal vinna seg større rikdom enn nokon av dei andre, og når han er vorten sterk ved rikdomen sin, skal han bjoda ut alt mot Javanriket.
Haggai 1:15den fire og tjugande dagen i sette månaden i andre styringsåret åt kong Darius.