Ezra 4:7
I Artahsastas tid skreiv Bislam og Mitredat og Tabe’el og dei andre embætsbrørne hans til Artahsasta, konge i Persia. Brevet var skrive med syrisk skrift og umsett på syrisk.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 18:26Eljakim Hilkiason og Sebna og Joah sagde då til Rabsake: «Tala syrisk til tenarane dine! me skynar det nok; tala ikkje jødisk til oss! folket på muren høyrer på.»
Ezra 4:17Kongen sende brev attende til rådsherren Rehum og skrivaren Simsai og dei andre embætsbrørne deira som budde i Samaria og andre herad på hi sida elvi, og i brevet stod det: «Heil og sæl! og so burtetter.
Ezra 7:1Då ei tid var lidi, hende det, medan kong Artahsasta styrde i Persia, at Ezra for heim frå Babel. Han var son åt Seraja, som var son åt Azarja, son åt Hilkia,
Isaiah 36:11Då sagde Eljakim og Sebna og Joah til Rabsake: «Tala syrisk til tenarane dine! me skynar det nok; tala ikkje jødisk til oss! folket på muren høyrer på.»
Daniel 11:2Og no skal eg kunngjera deg det som visst er. Sjå, endå skal tri kongar standa fram i Persia, og den fjorde skal vinna seg større rikdom enn nokon av dei andre, og når han er vorten sterk ved rikdomen sin, skal han bjoda ut alt mot Javanriket.