Ezra 6:8
Og no skal eg segja fyre korleis de skal fara åt med desse styresmennerne hjå jødarne, so dei kann få halda på med byggjingi. Det som dei treng til bygnaden, skal dei rett og reideleg få av dei innkomor som kongen hev av skatten frå landet på hi sida elvi, so arbeidet ikkje vert hindra.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 4:20Velduge kongar hev butt i Jerusalem, og dei rådde yver alt landet på hi sida elvi, og dei tok imot skatt og toll og vegpengar.
Ezra 5:5Men yver styresmennerne åt jødarne vakte auga åt deira Gud, og mennerne lova at dei ikkje skulde leggja noko vondt i vegen for strævet deira, so lenge Darius hadde set på saki og det var kome brev frå honom.
Ezra 6:14Styresmennerne hjå jødarne heldt på med byggjingi, og arbeidet gjekk godt fram etter talarne åt profetarne Haggai og Zakarja Iddoson. Dei bygde og fullførde arbeidet etter fyresegn frå Israels Gud og etter fyreskrifterne frå Kyrus og Darius og Artahsasta, kongen i Persia.
Nehemiah 2:8Og lat meg få brev til Asaf, han som hev tilsyn med den kongelege skogen, so han let meg få timber til portbjelkarne i borgi som høyrer til huset, til bymuren og til huset eg skal bu i.» Kongen let meg få det, av di min Gud heldt si gode hand yver meg.
Psalms 68:29Din Gud hev bode at du skal vera sterk; Gud, styrk det som du hev gjort for oss!