Ezra 7:9
Den fyrste dagen i fyrste månaden vart det fast avgjort at dei skulde fara frå Babel, og den fyrste dagen i femte månaden kom han til Jerusalem; for hans Gud heldt si gode hand yver honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Han kom til Jerusalem i femte månaden det same sjuande året åt kongen.
Cross References
Ezra 7:6Ezra var ein skriftlærd mann, vel kjend i Moselovi, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav honom alt det han bad um; for Herren hans Gud heldt handi si yver honom.
Ezra 8:18Og Gud heldt si gode hand yver oss, so dei sende oss ein vitug mann som heitte Serebja, av sønerne åt Mahli, son åt Levi, son åt Israel; han sjølv med søner og brør var attan i talet.
Nehemiah 2:8Og lat meg få brev til Asaf, han som hev tilsyn med den kongelege skogen, so han let meg få timber til portbjelkarne i borgi som høyrer til huset, til bymuren og til huset eg skal bu i.» Kongen let meg få det, av di min Gud heldt si gode hand yver meg.
Psalms 80:18Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskjesonen som du hev valt deg ut,