Ezra 8:22
Eg skjemdest å beda kongen um herhjelp og ridarar til å verja oss mot uvener på vegen; for me hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si hand yver alle deim som heldt seg til honom, og let det ganga vel for deim; men hans magt og vreide fell yver deim som gjeng frå honom.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
23Me fasta då og bad Gud um hjelp, og han høyrde bøni.
Cross References
1 Chronicles 28:9Og du Salomo, son min, lær å kjenna far din’s Gud, og å tena honom med heilt hjarta og viljug sjæl! For Herren ransakar alle hjarto og skynar alt det som rører seg i tankarne. Um du søkjer Herren, so let han deg finna honom; men vender du deg frå honom, so støyter han deg frå seg for æveleg.
2 Chronicles 16:9For Herrens augo fer utyver all jordi, av di han med kraft vil koma deim til hjelp som hev hjarta sitt heilt med honom. Du hev fare fåvist åt i dette; for heretter kjem du til å hava ufred stødt.»
Ezra 7:9Den fyrste dagen i fyrste månaden vart det fast avgjort at dei skulde fara frå Babel, og den fyrste dagen i femte månaden kom han til Jerusalem; for hans Gud heldt si gode hand yver honom.
Nehemiah 2:9Då eg kom til jarlarne på hi sida elvi, flidde eg deim kongebrevi. Kongen sende ogso med meg hovudsmenner og hestfolk.
Psalms 21:8For kongen set si lit til Herren, og ved miskunn frå den Høgste skal han ikkje verta rikka.
Psalms 34:15Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom!