Ezra 9:12
Difor skal de korkje gjeva døtterne dykkar til sønerne deira eller taka døtterne deira til konor åt sønerne dykkar. De skal aldri bry dykk um deira velferd og lukka, so de kann verta sterke og få eta av landsens gode ting og lata landet gå i arv til borni dykkar um alder og æva.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 18:18Abraham som skal verta far til eit stort og sterkt folk? Alle folkeslag på jordi skal velsignast i honom.
Exodus 34:15Aldri må du gjera noko samband med deim som bur der i landet. For når dei held seg med gudarne sine og blotar til deim, so vil dei beda deg til seg, og du vil eta av blotmaten deira;
Deuteronomy 7:3du må ikkje hava nokor hopegifting med deim; ikkje må du gjeva døtterne dine til sønerne deira, og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønerne dine;
Deuteronomy 23:7Edomitarne skal du ikkje hava stygg til; for dei er skyldfolket ditt. Egyptarane skal du heller ikkje hava stygg til; for du hev havt tilhald i landet deira.
Joshua 23:12For fell de ifrå, og held lag med dei folki som endå er att hjå dykk, og de gifter born i hop og blandar dykk med kvarandre,
2 Chronicles 19:2Men då gjekk sjåaren Jehu Hananison ut imot honom og sagde til kong Josafat: «Skal ein hjelpa den gudlause, og elskar du deim som hatar Herren? For dette kviler det vreide på deg ifrå Herren.