Ezra 9:2
For dei hev teke døtterne deira til konor både åt seg sjølve og åt sønerne sine. På den måten hev det heilage sædet blanda seg med folki i landet, og hovdingarne og formennerne hev vore dei fyrste til å fara med utruskap i dette stykket.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 19:6Og de skal vera meg eit kongerike av prestar og eit heilagt folk.» Desse ordi skal du tala til Israel.»
Exodus 34:16du vil gifta sønerne dine med døtterne deira, og dei vil halda seg med gudarne sine og lokka sønerne dine til å gjera det same.
Deuteronomy 7:1Sjå no fører Herren deg inn i det landet du etlar deg til, og vil for di skuld driva ut store folkeslag: hetitarne og girgasitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, sju folk som er større og sterkare enn du;
Deuteronomy 7:6For du er eit heilagt folk, vigt åt Herren, din Gud; deg valde han ut millom alle folkeslag på jordi, og vilde du skulde vera hans eige folk.
Joshua 22:15Då so dei kom til Gileadlandet og fann Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti, tala dei soleis til deim:
Ezra 10:2Då tok Sekanja Jehielsson av Olams-sønerne til ords og sagde med Ezra: «Me hev vore utrugne åt mot vår Gud, med di me hev teke framande konor frå dei framande folki her i landet; men endå er ikkje all voni ute for Israel i denne saki.