Galatians 3:13
Kristus kjøpte oss frie frå forbanningi av lovi, då han vart ei forbanning for oss - for det er skrive: «Forbanna er kvar den som heng på eit tre» -
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12Men lovi hev ingen ting med trui å gjera, men «den som gjer so, skal liva ved det.»
Cross References
Deuteronomy 21:23so må ikkje liket hans verta hangande på treet natti yver, men du skal jorda honom same dagen; for Guds forbanning ligg på den som er upphengd, og du skal ikkje gjera landet ditt ureint, det som Herren, din Gud, hev gjeve deg til odel og eiga.
2 Samuel 17:23Då Ahitofel såg at dei ikkje fylgde rådi hans, sala han asnet sitt, steig uppå og reid heim til sin by. Og då han hadde skila for seg, hengde han seg. Det var hans bane. Han vart gravlagd i gravi åt far sin.
2 Samuel 18:14«Eg vil ikkje hefta tidi lenger meg deg,» sagde Joab, treiv tri spjot i handi, og deim rende han i bringa på Absalom, som endå hekk livande millom greinerne på eiki.
2 Samuel 21:9Deim gav han yver til gibeonitarne. Og dei lagde deim på stegl på fjellet for Herrens augo. Dei fekk sin bane alle sju på ein gong. Det var dei fyrste skurddagarne, då byggskurden tok til, at dei let livet.
Esther 7:10So hengde dei Haman upp i den galgen han hadde reist åt Mordokai. Og kongens harm gav seg att.
Isaiah 55:5Ja, du skal kalla på eit folk som du ikkje kjenner, og folk som ikkje kjenner deg, skal skunda seg til deg, for Herrens skuld, din Gud, for Israels Heilage skuld, for han hev herleggjort deg.