Fyrste Mosebok 1:11
Då sagde Gud: «Jordi bere fram gras og grode, urter som sår seg, og frukttre, som ber frukt med deira frø i, utyver jordi, kvart etter sitt slag!» Og so vart det.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 2:5då fanst det endå ikkje ei grøn buska på jordi, og endå hadde ikkje eit grasstrå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jordi, og der var ingen mann til å dyrka marki.
Genesis 2:16Og Herren Gud sagde mannen fyre og baud: «Du må gjerne eta av alle trei i hagen.
Psalms 1:3Han er lik eit tre som er planta ved vatsbekkjer, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med.
Psalms 104:14Gras let han gro for feet, og vokstrar til gagn for folk til å få brød fram or jordi,
Isaiah 61:11For som jordi sin grode let renna, og hagen sitt sæde let veksa, so let Herren, Herren rettferd renna og lovsong for alle folks åsyn.
Matthew 3:10Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.