Fyrste Mosebok 1:26
Då sagde Gud: «Lat oss skapa menneskje i vår likning, so dei vert bilætet vårt! Dei skal råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 3:22Og Herren Gud sagde: «Sjå, mannen hev vorte som ein av oss til å skyna godt og vondt. Berre han no ikkje retter ut handi, og tek av livsens tre og, og et, og liver i all æva!»
Genesis 9:2Age og otte skal dei bera for dykk alle dyri på jordi og alle fuglarne under himmelen, alt som krelar på marki og alle fiskarne i havet: i dykkar hender er dei gjevne.
Genesis 11:7Lat oss då stiga ned der og vildra målet deira, so den eine ikkje skynar kva den andre segjer.»
Job 35:10men spør’kje: «Kvar er Gud, min skapar, som let ved natt lovsongar tona,
Psalms 8:4Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand,
Psalms 100:3Vit at Herren er Gud, han hev skapt oss, og ikkje me, til sitt folk og til den hjord han føder.