Fyrste Mosebok 12:1
Då sagde Herren til Abram: «Far no du ut or landet ditt, burt ifrå folket og farshuset ditt, og til det landet som eg vil syna deg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 11:31Og Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Saraj, sonekona si, kona hans Abram, og dei tok ut saman frå Ur i Kaldæa, og vilde fara til Kana’ans-land. Og dei kom til Kharan, og vart buande der.
Genesis 20:13Og då Gud let meg fara frå heimen min ut i vide verdi, då sagde eg med henne: «Dette lyt du gjera for mi skuld: kvar me kjem helst, so seg um meg: «Han er bror min.»»»
Genesis 24:38Men til farshuset mitt skal du fara, og til mi eigi ætt, og festa ei kona åt son min.»
Joshua 24:2Då tala Josva soleis til heile lyden: «So segjer Herren, Israels Gud: «På hi sida Storelvi budde i gamle dagar federne dykkar, millom deim Tarah, far åt Abraham og Nahor, og dei tente framande gudar.
Nehemiah 9:7Det var du, Herre Gud, som valde ut Abram og førde honom frå Ur i Kaldæa og gav honom namnet Abraham.
Isaiah 41:9du som eg tok frå heimsens endar og kalla deg frå ytste utkant og sa til deg: Min tenar er du, eg hev deg valt og ei forsmått,