Fyrste Mosebok 12:5
Og Abram tok med seg Saraj, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde vunne, og det folket dei hadde fenge i Kharan, og dei tok ut og vilde fara til Kana’ans-land, og dei kom til Kana’ans-land.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 10:19Og landskilet åt kananitarne gjekk frå Sidon til Gaza, når du tek leidi burtimot Gerar, og til Lesa, når du tek leidi burtimot Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim.
Genesis 11:31Og Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Saraj, sonekona si, kona hans Abram, og dei tok ut saman frå Ur i Kaldæa, og vilde fara til Kana’ans-land. Og dei kom til Kharan, og vart buande der.
Genesis 14:14Då no Abram høyrde at brorson hans var fanga, tok han ut med alle sine fullrøynde sveinar, som var fødde og fostra i huset hans, tri hundrad og attan i talet, og sette etter deim alt til Dan.
Genesis 46:5So tok Jakob ut frå Be’erseba, og Israels-sønerne køyrde Jakob, far sin, og borni og konorne sine i dei vognerne som Farao hadde sendt til å henta honom i.
Hebrews 11:8Ved tru var Abraham lydug då han vart kalla, so han gjekk til den staden han skulde få til arv; og han tok ut, endå han ikkje visste kvar han skulde koma.