Fyrste Mosebok 12:7
Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 12:8Derifrå flutte han til fjelli austanfor Betel, og sette upp tjeldbudi si so han hadde Betel i vest og Aj i aust. Og der bygde han Herren eit altar, og kalla på Herren.
Genesis 13:15For alt det landet du ser, vil eg gjeva deg og di ætt til æveleg tid.
Genesis 13:18So flutte Abram tjeldbuderne, og kom til eikelunden åt Mamre i Hebron. Der vart han buande, og bygde Herren eit altar.
Genesis 17:1Då Abram var ni og nitti år gamall, synte Herren seg for honom, og sagde til honom: «Eg er Gud den Allvelduge. Far du fram for mi åsyn, og haldt deg ulastande,
Genesis 17:8Og eg vil gjeva deg og ætti di etter deg det landet som du held til i, heile Kana’ans-landet, til eiga i all æva, og eg vil vera deira Gud.»
Genesis 22:9Då dei so kom til den staden som Gud hadde sagt, då bygde Abraham eit altar og lagde veden til rettes. So batt han Isak, son sin, og lagde honom på altaret, ovanpå veden.