Fyrste Mosebok 15:5
Og han leidde honom utanfor, og sagde: «Kjære deg, sjå upp til himmelen og tel stjernorne, um du er god til. So tallaus,» sagde han til honom, «skal ætti di verta.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6Og Abram trudde Herren, og det rekna han honom til rettferd.
Cross References
Genesis 13:16Og eg vil lata ætti di verta som dusti på jordi: kann nokon telja dusti på jordi, so kann dei og telja di ætt.
Genesis 22:17so skal eg storom velsigna deg og auka ætti di endelaust, som stjernorne på himmelen og sanden på havsens strand. Di ætt skal taka borgerne frå sine fiendar,
Genesis 28:14Og ætti di skal verta som dusti på jordi, og du skal greina deg ut i vest og i aust og i nord og i sud, og i deg og di ætt skal alle folk på jordi velsignast.
Exodus 32:13Kom i hug det du lova Abraham og Isak og Israel, tenarane dine, då du svor ved deg sjølv: «Eg vil auka ætti dykkar, so ho vert som stjernorne på himmelen, og heile dette landet som eg hev tala um, det vil eg gjeva etterkomarane dykkar; og dei skal eiga det i all æva.»»
Deuteronomy 10:22Sytti i talet for federne dine ned til Egyptarland, men no hev Herren, din Gud, auka dykk so de er mange som stjernorne på himmelen.
Psalms 147:4Han set tal på stjernorne, han nemner deim alle med namn.