Fyrste Mosebok 17:1
Då Abram var ni og nitti år gamall, synte Herren seg for honom, og sagde til honom: «Eg er Gud den Allvelduge. Far du fram for mi åsyn, og haldt deg ulastande,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2so eg kann fremja mi pakt med deg og auka ætti di endelaust.»
Cross References
Genesis 5:22Og etter han hadde fenge Metusalah, gjekk han på Guds veg i tri hundrad år, og han fekk søner og døtter.
Genesis 6:9Dette er soga um Noah og ætti hans: Noah var ein rettvis og ulastande mann millom sine samtidingar; Noah gjekk på Guds veg.
Genesis 12:7Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom.
Genesis 18:1Sidan synte Herren seg for honom i Mamrelunden, medan han sat i døri til tjeldbudi si, midt på heitaste dagen:
Genesis 24:40Og han sagde med meg: «For Herrens åsyn hev eg ferdast; han skal senda sin engel med deg og lata ferdi di lukkast, so du finn ei kona åt son min av mi eigi ætt og i farshuset mitt.
Genesis 35:11Og Gud sagde til honom: «Eg er Gud, den Allvelduge. Du skal veksa og aukast! Eit folk, ei mengd med folkeslag skal ættast frå deg, og undan deg skal kongar alast.