Fyrste Mosebok 18:19
For eg kjenner honom for den mann, at han vil segja til borni sine og til huset sitt etter seg, at dei skal halda seg etter Herrens veg og gjera rett og skil, so Herren kann lata det ganga fram som han hev lova Abraham.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 17:23Og same dagen tok Abraham son sin, Ismael, og alle som var fødde i huset hans, og alle som var kjøpte for pengarne hans, alt karfolket i huset hans Abraham, og skar av holdet på huva deira, som Gud hadde sagt med honom.
Leviticus 14:42Og so skal dei taka andre steinar og setja inn i staden for dei gamle, og nytt leir skal dei taka og klina huset med.
Deuteronomy 4:10Kom i hug den dagen då du stod framfor Herren, din Gud, innmed Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata deim høyra bodi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei liver på jordi, og læra borni sine det same.»
Deuteronomy 11:19Lær deim til borni dine, og tala um deim når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att.
Joshua 24:15Men hev de ikkje hug til å tena Herren, so vel i dag kven de vil tena, anten dei gudarne som federne dykkar austanfor Storelvi tente, eller gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i! Men eg og mitt hus me vil tena Herren.»
1 Samuel 2:30Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: «Vel hev eg sagt: Di ætt og farsætti di skal få gjera tenesta for mi åsyn alltid og æveleg.» Men no lyder Herrens ord: «Aldri i verdi! deim som ærar meg, deim vil eg æra; dei som vanvyrder meg, skal verta til skammar.