Fyrste Mosebok 19:9
Men dei sagde: «Or vegen med deg! Her kjem denne framandkaren og fær bu her,» sagde dei, «og so gjev han seg til å døma jamt og samt! No skal me fara verre med deg enn med deim!» Og dei gjekk hardt inn på mannen, på Lot, og styrmde innåt og vilde brjota sund hurdi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
10Då rette mennerne ut handi, og tok Lot inn i huset til seg, og stengde att hurdi.
Cross References
Genesis 11:6Og Herren sagde: «Sjå dei er eitt folk, og alle hev dei eit tungemål, og dette er det fyrste dei tek seg fyre! No vert ikkje noko umogelegt for deim, kva dei so finn på å gjera.
Exodus 2:14«Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?» svara han; «tenkjer du på å drepa meg, som du drap egyptaren?» Då vart Moses rædd, og sagde med seg sjølv: «Hev det alt kome upp!»
1 Samuel 17:44«Kom hit til meg!» ropa filistaren til David, «so skal eg gjeva kjøtet ditt åt fuglarne under himmelen og åt villdyri i marki.»
Proverbs 9:7Den som refser ein spottar, fær skam yver seg, den som lastar ein gudlaus, fær seg ein flekk.
Proverbs 17:12Møt heller ei binna som hev mist sine ungar enn ein dåre med narreskapen hans!
Ecclesiastes 9:3Det er det som er det leide med alt som hender under soli, at alle fær same lagnaden, so vert og hjarta åt mannsborni fullt av det som vondt er, og dei ber vitløysa i hjarta sitt so lenge dei liver, og sidan lyt dei av til dei daude.