Fyrste Mosebok 2:9
Og Herren Gud let alle slag tre veksa upp av jordi, gilde å sjå til og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev vit på godt og vondt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Og Herren Gud gjorde ein hage i Eden, langt aust, og der sette han mannen som han hadde skapt.
10Og det gjeng ei elv ut ifrå Eden. Ho vatnar hagen, og sidan kløyver ho seg i fire greiner.
Cross References
Genesis 3:3men frukti på det treet som er midt i hagen - «den,» sagde Gud, «må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy.»»
Genesis 3:22Og Herren Gud sagde: «Sjå, mannen hev vorte som ein av oss til å skyna godt og vondt. Berre han no ikkje retter ut handi, og tek av livsens tre og, og et, og liver i all æva!»
Proverbs 3:18Han er livsens tre for deim som grip han, og dei som held han fast, er sæle.
Isaiah 44:25Eg gjer juglarteikni um inkje, og spåmenner gjer eg til fåmingar; eg let vismenner koma til kort og gjer deira vitskap til dårskap.
Ezekiel 31:8Inkje var cedertre i Guds hage hans jamlike; cypressor kunde ikkje liknast med hans kvister, og løntre var ikkje som hans greiner; det beid ikkje tre i Guds hage jamfagert med honom.
Ezekiel 31:18Kven likjest du soleis på i herlegdom og storvyrda ibland Eden-trei? - So skal du då verta støypt med Eden-trei ned i nedheimen; midt imillom u-umskorne skal du liggja med deim som er slegne i hel med sverd. Dette er Farao og heile hans ståkande mengd, segjer Herren, Herren.