Fyrste Mosebok 24:14
Lat det då vera so, at den møyi som eg segjer dette med: «Kjære væne, halla på krukka di, og lat meg få drikka!» og som svarar: «Drikk du, og kamelarne dine skal eg og gjeva drikka!» - at ho er den du hev etla åt Isak, tenaren din, og på det skal eg skyna at du vil gjera vel mot husbonden min!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
13Sjå, no stend eg her innmed vatskjelda, medan døtterne åt bymennerne kjem ut etter vatn.
Cross References
Genesis 15:8Og Abram sagde: «Herre, min Gud, kva vissa skal eg hava på det, at eg skal få det til eiga?»
Genesis 24:44og ho då segjer med meg: «Drikk du, og til kamelarne dine skal eg og henta vatn,» so er ho det vivet som Herren hev etla åt son til husbonden min.»
Judges 6:17Då sagde Gideon: «Hev du noko godvilje for meg, so gjev meg eit merke på at det er du som talar med meg!
Judges 7:13Då Gideon kom, var der ein som fortalde felagen sin ein draum: «No skal du høyra kva eg hev drøymt!», sagde han: «Eg tykte eg såg ei byggkaka kom trillande inn i Midjans-lægret, og då ho kom til tjeldet, skuva ho til det, so det rulla i koll, og der låg det.»
1 Samuel 6:7Tak no og gjer ei ny vogn, og tak tvo kyr som gjev suga og som aldri hev bore ok! So skal det setja deim for vogni, men taka frå deim kalvarne og lata deim vera heime.
1 Samuel 14:8Jonatan sagde: «Me kliv yver til dei kararne, og lager det so at dei ser oss.