Fyrste Mosebok 29:32
Og Lea vart med barn, og åtte ein son, og kalla honom Ruben. «Herren hev set kor vondt eg hev det,» sagde ho, «no kjem mannen min til å halda av meg.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
31Då Herren såg at Lea var vanvyrd, let han henne få born, men Rakel fekk ingi.
Cross References
Genesis 16:11Og Herrens engel sagde til henne: «Sjå, du er med barn, og du skal eiga ein son. Honom skal du kalla Ismael, av di Herren høyrde deg i naudi di.
Genesis 35:22Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk av og låg hjå Bilha, fylgjekona åt far hans. Og Israel fekk vita det. Sønerne hans Jakob var tolv i talet.
Genesis 37:21Då Ruben høyrde det, vilde han berga honom utor henderne deira og sagde: «Lat oss ikkje taka livet hans!»
Genesis 42:22Då tok Ruben til ords og sagde: «Var det ikkje det eg sagde dykk, at de ikkje skulde fara so stygt med guten? Men de vilde ikkje høyra. Og sjå, no kjem hemnen for blodet hans!»
Genesis 46:8Og dette er namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland, Jakob og sønerne hans: Ruben, eldste son åt Jakob,
Exodus 3:7Og Herren sagde: «Eg hev set kor vondt folket mitt hev det i Egyptarland, og høyrt klageropi deira yver futarne; eg veit kva dei lid.