Fyrste Mosebok 37:14
Då sagde Israel med honom: «Kjære deg, gakk av og sjå korleis det stend til med brørne dine og korleis det er med buskapen, og kom so heim att og seg meg det!» Dermed so sende han Josef av stad frå Hebrondalen, og so kom han til Sikem.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 23:2Og Sara døydde i Arbabyen, som no heiter Hebron, i Kana’ans-land. Og Abraham gjekk heim og øya og gret yver Sara.
Genesis 35:27Og Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre, tett innmed Arbabyen, som no heiter Hebron, der som Abraham og Isak hadde halde til.
Genesis 43:27«Ja,» svara dei, «det stend vel til med far vår, tenaren din. Han liver endå.» Og dei bøygde seg og kasta seg å gruve for honom.
Joshua 14:13Då gav Josva Kaleb Jefunneson Hebron til odel og eiga, og ynskte lukka til.
1 Samuel 17:17Isai sagde med David, son sin: «Tak ei skjeppa av desse steikte aksi, og desse ti brødi, og skunda deg med deim til lægret til brørne dine!
1 Samuel 17:22David let trænvakti taka vare på føringi si, og sprang burt til heren. Han helsa på brørne sine, og spurde kor til stod.