Fyrste Mosebok 37:8
Då sagde brørne hans med honom: «Skal du, kann henda, verta kongen vår og råda yver oss?» Og sidan hata dei honom endå meir for draumarne og rødorne hans.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 49:26Far din’s velsigning rakk yver dei eld’-gamle ovgilde fjelli, til ævordoms herlege høgder: På Josefs hovud ho kome, ho kome på kruna åt han, som er hovdingen for sine brøder!
1 Samuel 10:27Men nokre illmenne sagde: «Kva hjelp kann denne mannen gjeva oss?» Dei vanvyrde honom og bar ingi hyllingsgåva til honom. Men han læst som han inkje gådde.
1 Samuel 18:8Då vart Saul brennande harm. Han mislika dei ordi og sagde: «David hev dei gjeve ti tusund; meg hev dei gjeve tusund! No vantar det honom berre kongedømet!»
Psalms 118:22Den steinen som bygningsmennerne skaut ut, hev vorte ein hyrnestein.
Luke 20:17Då såg han på deim og sagde: «Kva tyder då dette ordet i skrifti: «Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein?»
Acts 7:35Denne Moses som dei forneitta og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar?» honom sende Gud til hovding og utløysar ved den engels hand som synte seg for honom i klungeren.