Fyrste Mosebok 38:2
Der såg Juda dotter åt ein kananitisk mann som heitte Sua, og han tok henne til kona, og budde i hop med henne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3Og ho vart med barn, og åtte ein son; honom kalla han Er.
Cross References
Genesis 3:6Og kona såg at treet var godt å eta av, og tykte det var ein hugnad for augo, og eit gildt tre, med di det kunde gjera ein klok. So tok ho av frukti og åt, og gav mannen sin og med seg, og han åt.
Genesis 6:4I den tidi var det risar på jordi, og seinare og, av di gudssønerne jamleg gav seg i lag med mannedøtterne, og fekk søner med deim; det var kjemporne, dei namngjetne, som var til fyrr i verdi.
Genesis 28:1Og Isak kalla Jakob inn til seg og velsigna honom, og talde for honom og sagde med honom: «Du skal ikkje taka noko Kana’ans-kvende til kona.
Genesis 46:12og sønerne åt Juda: Er og Onan og Sela og Peres og Zerah; men Er og Onan døydde i Kana’ans-land - og sønerne åt Peres: Hesron og Hamul;
Judges 16:1Ein gong kom Samson til Gaza; der fekk han sjå ei skjøkja, og gjekk inn til henne.
1 Chronicles 2:3Sønerne åt Juda var Er og Onan og Sela; desse tri fekk han med dotter åt Sua, kananitarkvinna; men Herren tykte ille um Er, eldste son åt Juda, og han laga det so at han døydde.