Fyrste Mosebok 38:25
Då dei so leide henne ut, sende ho bod til verfar sin og sagde: «Det er med den mannen som eig dette, at eg hev vorte med barn. Du skulde vel ikkje vita kven som eig denne seglringen og lekki og staven?» sagde ho.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 38:18«Kva vissa skal eg gjeva deg?» sagde han. «Seglringen din og lekkjet ditt og staven som du hev i handi,» sagde ho. Det gav han henne, og so fekk han liggja med henne, og ho vart fremmeleg med honom.
Jeremiah 2:26Liksom tjuven må skjemmast når han vert teken, soleis må Israels hus skjemmast, dei sjølve, kongarne deira, hovdingarne deira og prestarne deira og profetarne deira,
1 Corinthians 4:5Døm difor ikkje nokon fyre tidi, fyrr Herren kjem, han som og skal føra fram i ljoset det som er dult i myrkret, og openberra råderne i hjarto; og då skal kvar og ein få si ros av Gud.