Fyrste Mosebok 42:25
Sidan sagde Josef frå, at dei skulde fylla sekkjerne deira med korn og leggja pengarne åt kvar av deim att i sekken hans, og gjeva deim nista med på vegen. Og so vart gjort.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
26So klyvja dei kornet på asni sine, og for sin veg.
Cross References
Genesis 43:12Tak so bror dykkar med, og gjer dykk reiduge, og far attende til mannen!
Genesis 44:2Og staupet mitt, sylvstaupet, det skal du leggja øvst i sekken åt den yngste av deim, i hop med kornpengarne hans.» Og han gjorde som Josef sagde honom fyre.
Isaiah 55:1Å, alle de tyrste, kom til vatnet! Og de som ikkje hev pengar, kom, kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp korn utan pengar, og utan betaling vin og mjølk!
Matthew 6:33Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, so skal de få alt dette attpå!
1 Peter 3:9Løn ikkje vondt med vondt eller skjelling med skjelling, men tvertimot velsigna! for det vart de kalla til, at de skal erva velsigning.