Fyrste Mosebok 42:38
Men han svara: «Son min skal ikkje fara med dykk der ned. For bror hans er burte, og han er att åleine, og hender det honom nokor ulukka på den vegen de ferdast etter, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sorg ned i nåheimen.» Men svolten var hard i landet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 30:22Då kom Gud i hug Rakel, og Gud høyrde bønerne hennar, og gjorde henne barnkjømd.
Genesis 37:33Og han kjende honom att, og sagde: «Jau, det er kjolen åt son min. Eit udyr hev ete honom upp. Josef er ihelriven!»
Genesis 42:4Men Benjamin, rettebror åt Josef, sende Jakob ikkje av stad med brørne hans; han var rædd det kunde henda honom ei ulukka.
Genesis 43:13Og Gud den Allvelduge late dykk møta godvilje hjå mannen, so han sender Benjamin og den andre bror dykkar med dykk heim att. Og eg - skal eg vera barnlaus, so fær eg vera barnlaus!»
Genesis 44:22Då sagde me til deg: «Sveinen må ikkje skiljast frå far sin; skilst han ifrå honom, so døyr faren.»
1 Kings 2:6Stell deg no difor som du hev visdom til, og lat ikkje dei grå håri hans fara i fred ned i helheimen.