Fyrste Mosebok 43:30
So tvo han seg i andlitet, og gjekk ut att, og han gjorde seg hard, og sagde: «Set maten fram!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 42:24Og han snudde seg frå deim og gret. So kom han innåt deim att, og tala til deim, og han tok Simeon ifrå deim, og batt honom, so dei såg på det.
Genesis 45:14So lagde han armarne um halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret og innmed barmen hans.
1 Kings 3:26Men då sagde ho til kongen, den kvinna som var mor åt det livande barnet - for hjarta hennar brann for guten -: «Høyr meg, herre,» sagde ho, «lat henne få det barnet som liver, og drep det ikkje!» Men hi sagde: «Lat det vera korkje mitt eller ditt; hogg det i tvo!»
Hosea 11:8Korleis skal eg nenna gjeva deg upp, Efraim? Korleis skal eg lata deg fara, Israel? Kann eg nenna gjeva deg upp som Adma, gjera med deg som med Sebojim? Hjarta mitt vrid seg i meg, all mi vårkunn vaknar.
Acts 20:19at eg tente Herren med all audmykt og med tåror og i freistingar, som meinråderne frå jødarne førde yver meg,
Acts 20:37Då brast dei alle i sterk gråt og fall Paulus um halsen og kysste honom.