Fyrste Mosebok 44:16
Då sagde Juda: «Kva skal me segja til deg, herre? Korleis skal me taka til ords? Kva skal me orsaka oss med? Gud hev funne brotet åt tenarane dine. Sjå, me vil vera trælarne dine, både me og han som staupet vart funne hjå.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 37:7«Eg tykte me var utpå åkeren og skar. Best det var, reiste mitt kornband seg upp og stod, og dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.»
Genesis 37:18Dei såg honom langt burte, og fyrr han kom innåt deim, samråddest dei um å drepa honom,
Genesis 43:8Eg skal svara for honom. Av meg kann du krevja honom att. Kjem eg ikkje heim til deg att med honom og set honom framfyre deg, so skal eg bera skuldi for det all min dag.
Genesis 44:32For eg tok på meg å svara for sveinen hjå far min, og sagde: «Kjem eg ikkje heim til deg att med honom, so skal eg vera saka i det for far min alle mine dagar!»
Deuteronomy 25:1Når folk som ligg i trætta med kvarandre, møter fram for retten, og fær dom i saki, og domen lyder so, at den eine hev rett og den andre hev urett,
Joshua 7:18So let han huslyden hans stiga fram mann for mann, og Akan, son åt Karmi, som var son åt Zabdi og soneson åt Zerah av Juda-ætti, vart utteken.