Fyrste Mosebok 44:17
Men han sagde: «Gud frie meg frå å gjera slikt! Den som staupet vart funnen hjå, han skal vera trælen min. Men de andre kann fara i fred heim til far dykkar.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 18:25Det er ikkje di vis å fara so åt, drepa den som rettvis er, saman med den som er gudlause, so det gjeng dei rettvise like eins som dei gudlause. So er ikkje di vis! Den som byter rett all jordi yver, skulde ikkje han gjera rett!»
Genesis 37:32Og dei sende ermekjolen heim til far sin og sagde: «Denne hev me funne. Sjå etter um det ikkje er kjolen åt son din!»
Genesis 44:10«Ja,» sagde han, «lat det vera so som de segjer! Den som det vert funne hjå, skal vera trælen min, men dei andre skal vera saklause.»
Psalms 75:2Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn, dei fortel um dine under.