Fyrste Mosebok 47:9
Då sagde Jakob med Farao: «Dei dagar og år eg hev ferdast på jordi, er hundrad og tretti år. Få og låke hev dei vore, mine livedagar og år, og ikkje hev dei nått so høgt som livedagarne og åri åt federne mine i den tidi dei ferdast på jordi.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Og Farao spurde Jakob: «Kor mange er dine livedagar og år?»
10Og Jakob velsigna Farao, og so bad han vel liva med Farao.
Cross References
Genesis 5:27Og alle dagarne hans Metusalah vart ni hundrad og ni og seksti år. So døydde han.
Genesis 11:24Då Nahor var ni og tjuge år gamall, fekk han sonen Tarah.
Genesis 35:28Og dagarne hans Isak vart hundrad og åtteti år.
Genesis 50:26Og Josef døydde, då han var hundrad og ti år gamall, og dei salva liket hans, og lagde det i kista i Egyptarland.
Exodus 7:7Moses var åtteti og Aron tri og åtteti år gamall, då dei tala med Farao.
Joshua 24:29Ei tid etter dette hadde hendt, andast Josva Nunsson, Herrens tenar; han var då hundrad og ti år gamall.