Fyrste Mosebok 49:25
Hjå Gud åt far din, han vare deg! Hjå den Velduge, han velsigne deg med velsigning or himmelen høge, med velsigning or djupet som ligg under jordi, med velsigning i brjost og i liv!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 17:1Då Abram var ni og nitti år gamall, synte Herren seg for honom, og sagde til honom: «Eg er Gud den Allvelduge. Far du fram for mi åsyn, og haldt deg ulastande,
Genesis 28:13Og sjå: Herren stod uppyver honom og sagde: «Eg er Herren, Gud åt Abraham, godfar din, og Gud åt Isak. Dette landet som du no ligg i, det vil eg gjeva deg og ætti di.
Genesis 35:3Og lat oss so taka ut og fara upp til Betel! Der vil eg byggja eit altar åt Gud, han som høyrde bøni mi den dagen eg var i fåre, og som var med meg på den vegen eg for.»
Genesis 43:23Sidan fylgde mannen deim inn i huset hans Josef, og gav deim vatn, so dei fekk två føterne sine, og gav deim for til asni.
Deuteronomy 28:2Kvar velsigning eg nemner, skal nå deg og taka deg att, so sant som du vil høyra på røysti åt Herren, din Gud:
Deuteronomy 33:13Og um Josef kvad han: «Med doggi, dyre himmelgåva, velsignar Herren landet hans, med vatn utor det store djupet, som gøymt innunder jordi ligg.