Fyrste Mosebok 49:3
Ruben, min eldste er du, blom av mi magt og min manndom, høgst i vyrdnad og størst i velde.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Kom i hop og høyr, de søner åt Jakob, kom og høyr på Israel, dykkar far!
Cross References
Genesis 35:22Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk av og låg hjå Bilha, fylgjekona åt far hans. Og Israel fekk vita det. Sønerne hans Jakob var tolv i talet.
Genesis 46:8Og dette er namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland, Jakob og sønerne hans: Ruben, eldste son åt Jakob,
Numbers 1:20Fyrst mynstra han Rubens-sønerne - deim som var ætta frå Ruben, eldste son åt Israel - og då alle våpnføre menner av Rubens-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Deuteronomy 21:17Han skal kanna den eldste for odelsboren, endå han er son til den kona han ikkje likar, og gjeva honom dobbel lut av alt som finst i hans eige; for han er blomen av manndomen hans, han er det som eig odelsretten.
Deuteronomy 33:6«Lat Ruben liva og aldri døy ut, um mennern’ hans ikkje er mange!»
1 Chronicles 5:1Og sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel - for han var den eldste; men med di han vanhelga lega åt far sin, vart odelsretten hans gjeven til sønerne hans Josef, son åt Israel, men då ikkje soleis at han skulde skrivast upp i ættelista som den eldste.