Fyrste Mosebok 9:2
Age og otte skal dei bera for dykk alle dyri på jordi og alle fuglarne under himmelen, alt som krelar på marki og alle fiskarne i havet: i dykkar hender er dei gjevne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
1Og Gud velsigna Noah og sønerne hans og sagde til deim: «De skal veksa og aukast og fylla jordi.
Cross References
Genesis 1:26Då sagde Gud: «Lat oss skapa menneskje i vår likning, so dei vert bilætet vårt! Dei skal råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.»
Genesis 2:19Og Herren Gud tok av jordi og skapte alle dyri på marki og alle fuglarne i lufti, og han leidde deim fram til mannen og vilde sjå kva han kalla deim; og som mannen kalla kvart kvikjende, so skulde det heita.
Leviticus 26:6Fred vil eg gjeva i landet: de skal liggja og kvila, og ingen skal skræma dykk upp; udyri, deim vil eg øyda, so dei kverv burt ifrå landet, og sverd skal’kje herja i riket;
Job 5:22du lær åt tjon og hungersnaud og ottast ikkje ville dyr;
Psalms 8:4Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand,
Ezekiel 34:25Og eg vil gjera ei fredspakt med deim og rydja ut udyr or landet, so dei trygt kann bu i øydemarki og sova i skogarne.