Fyrste Mosebok 9:5
Og berre dykkar eige blod vil eg hemna: eg vil krevja det att av kvart dyr, og av menneskjet og; kvar manns liv vil eg krevja att av hans bror.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
4Men kjøt med liv, med blodet i, det må de ikkje eta!
6Den som tek manns blod, hans blod skal menner taka; for i Guds likning skapte han mannen.
Cross References
Genesis 42:22Då tok Ruben til ords og sagde: «Var det ikkje det eg sagde dykk, at de ikkje skulde fara so stygt med guten? Men de vilde ikkje høyra. Og sjå, no kjem hemnen for blodet hans!»
Exodus 21:12Den som slær ein mann so han døyr, han skal lata livet.
Leviticus 19:16Du skal ikkje ganga ikring og baktala folk. Du skal ikkje leggja deg ut um å få grannen din dømd frå livet. Kom i hug: eg er Herren!
Leviticus 24:21Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva lika for det; men den som slær i hel eit menneskje, skal lata livet.
Numbers 35:17Tek nokon ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og slær ein med so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
Numbers 35:21eller av fiendskap slær ein med neven, so han døyr, so skal den som gjorde det lata livet; han er ein manndråpar: og blodhemnaren skal slå honom i hel so snøgt han finn honom.