Habakkuk 3:13
Du dreg ut til frelsa for folket ditt, til frelsa for honom som du salva. Du krasar hovudet på huset åt den gudlause, du gjer grunnen berr alt til halsen. Sela.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12I harm skrid du fram yver jordi, i vreide trøder du folk under fot.
Cross References
Exodus 12:29So hende det i midnattsstundi at Herren slo i hel alt som frumbore var i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sat i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt fangen, som sat i myrkestova, og alle frumsungarne i buskapen.
Exodus 15:1Då song Moses og Israels-folket denne lovsongen til Herren: «Eg vil syngja um Herren, for stor er han, stor; hest og ridar i havet han støytte.
Joshua 10:24Og då dei hadde ført desse kongarne ut til Josva, kalla han saman alle Israels menner og sagde til herhovdingarne som hadde fylgt honom i striden: «Stig fram, og set foten på nakken åt desse kongarne!» Då steig dei fram og sette foten på nakken deira.
Joshua 11:8Og Herren gav deim i Israels hender; Israels-sønerne vann yver deim og sette etter deim alt til Stor-Sidon og Misrefot-Majim og i aust alt til Mispedalen, og hogg deim ned, so ingen vart att eller slapp undan.
Psalms 18:37Du gjorde vidt rom åt mine stig under meg, og mine oklo vagga ikkje.
Psalms 28:8Herren er styrke for sitt folk, og ei vern til frelsa for den han hev salva.