Haggai 1:13
Og Herrens sendebod Haggai bar fram Herrens bod til folket: Eg er med dykk, segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Judges 2:1Herrens engel kom frå Gilgal upp til Bokim og sagde: «Eg henta dykk ut or Egyptarland, og fylgde dykk til det landet eg lova federne dykkar, og eg sagde: «Aldri i verdi skal eg brjota mi pakt med dykk,
2 Chronicles 15:2og han steig fram for Asa og sagde til honom: «Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! Herren er med dykk når de er med honom, og når de søkjer honom, då let han dykk finna seg; men um de vender dykk frå honom, då vender han seg frå dykk.
2 Chronicles 32:8Med honom er det ein arm av kjøt, men med oss er Herren, vår Gud, som vil hjelpa oss og føra krigarne våre.» Då leit folket på talen åt Juda-kongen Hizkia.
Psalms 46:11«Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.» Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.
Isaiah 8:10Legg upp råd! ho skal verta til inkjes. Gjer avtale! han skal ikkje få framgang. For med oss er Gud.
Isaiah 42:19Kven er blind, um ei min tenar, dauv som sendebodet mitt? Kven er blind som venen min? Kven er blind som Herrens tenar?